Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7324/7-3 S

22.12.2015 Oljedirektoratet har gitt OMV Norge AS boreløyve for brønn 7324/7-3 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7324/7-3 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 73o26`30,78" nord og 24o15´39,88" aust.

Boreprogrammet for brønn 7324/7-3 S gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 537. OMV Norge AS er operatør med 25 prosent og rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 20 prosent, Petoro AS med 20 prosent, Tullow Oil Norge AS med 20 prosent og Statoil Petroleum AS med 15 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokkene 7324/7 og 7324/8. Utvinningsløyve blei tildelt i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Undersøkingsbrønn 7324/7-3 S blir den femte leitebrønnen i utvinningsløyve 537.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 22.12.2015