Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-26 A

14.04.2016 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap AS boreløyve for brønn 16/1-26 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-26 A skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 58°55’20,15’’ nord 02°11’53,03’’ aust i utvinningsløyve 001 B.

Boreprogrammet for brønnen 16/1-26 A gjeld boring av avgrensingsbrønn på oljefunnet 16/1-7, som inngår i Ivar Aasen-feltet, der Det norske er operatør med 34,7862 prosent del.

Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 41,4730 prosent, Bayerngas Norge AS med 12,3173 prosent, Wintershall Norge AS med 6,4615 prosent, VNG Norge AS med 3,0230 prosent, Lundin Norway AS med 1,3850 prosent og OMV (Norge) AS med 0,5540 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 16/1. Brønnen vert bora i den austlege delen av 16/1-7 funnet i den midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 001 B ble skilt ut i 1.9.1999 frå utvinningsløyve 001, som ble delt ut 1.9.1965 (Runde 1-A). Dette er den 11. leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

16/1-26 S & 16/1-26 A

Oppdatert: 19.05.2016