Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/2-22 S

21.12.2016 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/2-22 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/2-22 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Atlantic i posisjon 58°55’33,5” nord og 2°24’33,2”aust i nordvest forlengelse av Johan Sverdrup-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 16/2-22 S gjeld boring av avgrensingsbrønn på Johan Sverdrup i utvinningsløyve 265. Statoil Petroleum AS er operatør med 40 prosent og dei andre rettshavarane er Petoro AS med 30 prosent, Aker BP ASA med 20 prosent og Lundin Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/2. Brønnen vert bora om lag 2 kilometer nordvest for brønnen 16/2-9 S i Tonjer Vest-segmentet på Johan Sverdrup.

Utvinningsløyve 265 blei tildelt 24. april 2001 (NST 2000). Dette er den 16. leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal og den 12. leitebrønnen på eller nær Johan Sverdrup i løyve 265.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

16/2-22 S

Oppdatert: 21.12.2016