Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/10-15 S

17.06.2016 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 25/10-15 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/10-15 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 59°05’14,49’’ nord 02°14’13,78’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 25/10-15 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 626, der Det norske oljeselskap ASA er operatør med 50 prosent del. Dei andre rettshavarane er Tullow Oil Norge AS med 30 prosent, MOL Norge AS med 10 prosent og Fortis Petroleum Norway AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/10. Brønnen skal borast i den nordaustlege delen av løyvet som ligg i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 626 blei tildelt 3. februar 2012 (TFO 2011). Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet, men den tredje innanfor det arealet løyvet ligg i.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

25/10-15 S

Oppdatert: 17.06.2016