25/2-18 A
05.09.2016 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 25/2-18 A jf. Ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 25/2-18 A skal borast fra boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 59°49'30,11"N og 2°37'54,1"E i utvinningsløyve 442.
Boreprogrammet for brønnen 25/2-18 A gjeld boring av ein avgrensningsbrønn. Det norske oljeselskap ASA er operatør med ein del på 90 prosent og LOTOS Exploration and Production Norge AS er rettshavar med 10 prosent.
Arealet i dette løyvet utgjer ein del av blokk 25/2 og 25/3. Utvinningsløyve 442 vart delt ut i TFO 2006, 15. juni 2007. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 07.09.2016