Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/2-18 B

18.10.2016 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/2-18 B jf. Ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/2-18 B skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 59°49'30,11"N og 2°37'54,1"E i utvinningsløyve 442.

Boreprogrammet for brønn 25/2-18 B gjeld boring av ein avgrensingsbrønn. Aker BP ASA er operatør med ein del på 90 prosent, og LOTOS Exploration and Production Norge AS er rettshavar med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet utgjer ein del av blokk 25/2 og 25/3. Utvinningsløyve 442 blei tildelt i TFO 2006, 15. juni 2007. Dette er den tredje brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

25/2-18 B

Oppdatert: 18.10.2016