Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/2-18 S

27.07.2016 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 25/2-18 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

 Brønn 25/2-18 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 59°49’30,03’’ nord 02°37’54,14’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 25/2-18 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 442, der Det norske oljeselskap ASA er operatør med 90 prosent del. Den andre rettshavaren er Lotos Exploration and Production Norge AS med 10 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/2 og 25/3. Brønnen skal borast i den søraustlege delen av løyvet, som ligg i midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 442 blei tildelt 15. juni 2007 (TFO 2006). Dette er den andre leitebrønnen som blir bora i løyvet, men den fjerde innanfor det arealet løyvet ligg i.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

25/2-18 S

Oppdatert: 27.07.2016