Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

30/11-13

19.04.2016 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 30/11-13  jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 30/11-13 skal borast frå boreinnretninga Songa Delta i posisjon 60°09’55,78’’ nord 02°35’35,13’’ aust i utvinningsløyve 035.

Boreprogrammet for brønn 30/11-13 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 50 prosent og Det norske oljeselskap AS er rettshavar med 50 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 30/11. Utvinningsløyve 035 blei tildelt i 2. konsesjonsrunde 14. november 1969. Dette er den trettande leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

30/11-13

Oppdatert: 19.05.2016