Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

30/11-14, 30/11-14 A og 30/11-14 B

30.05.2016 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønnane 30/11-14, 30/11-14 A og 30/11-14 B jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Dei tre brønnane skal borast frå boreinnretninga Songa Delta i posisjon 60°11’29,9’’ nord og 02°35’11,4’’ aust i utvinningsløyve 035.

Boreprogrammet gjeld boring av to undersøkingsbrønnar (30/11-14 og 30/11-14 B) og ein avgrensingsbrønn (30/11-14 A) som blir bora om det blir gjort funn. Statoil er operatør med ein del på 50 prosent. Det norske oljeselskap ASA er rettshavar med 50 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 30/11. Utvinningsløyve 035 blei tildelt i konsesjonsrunde 2-A 14. november 1969. Dette er den 12., 13. og eventuelt 14. leitebrønn som blir bora innafor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

30/11-14, 30/11-14 A og 30/11-14 B

Oppdatert: 30.05.2016