35/11-19 S
13.05.2016 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønnbane 35/11-19 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønnbane 35/11-19 S skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°13’21,45’’ nord 03°26’27,88’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/8-6 A for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 248.
Boreprogrammet for brønnbane 35/11-19 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248 F. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Origo Exploration Norway AS (20 prosent) og Petoro AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet utgjer ein del av blokk 35/11. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer sørvest for Florø og om lag 20 kilometer nordvest for Fram-feltet.
Utvinningsløyve 248 F vart skilt ut frå utvinningsløyve 248 den 10. desember 2015.
Utvinningsløyve 248 vart delt ut 4. juni 1999 (Nordsjøtildelingene 1999). Dette er den første brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 13.05.2016