Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/11-20 A

06.07.2016 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/11-20 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 35/11-20 A skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°13’20,29’’ nord 03°26’25,57’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 16/5-6 for Tullow Oil Norge AS i utvinningsløyve 776.

Boreprogrammet for brønn 35/11-20 A gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248 F. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Origo Exploration Norway AS (20 prosent) og Petoro AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/11.

Brønnen blir bora om lag 100 kilometer sørvest for Florø og om lag 20 kilometer nordvest for Fram-feltet.

Utvinningsløyve 248 F vart skilt ut frå utvinningsløyve 248 10. desember 2015.

Utvinningsløyve 248 blei tildelt 4. juni 1999 (Nordsjøtildelingene 1999). Dette er den andre brønnen som bli bora innanfor arealet i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

35/11-20 A

Oppdatert: 06.07.2016