35/11-20 B
09.08.2016 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 35/11-20 B, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 35/11-20 B skal borast frå boreinnretninga Borgland Dolphin i posisjon 61°13’20,32’’ nord 03°26’25,45’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 35/11-20 A for Wintershall Norge AS i utvinningsløyve 248 F.
Boreprogrammet for brønn 35/11-20 B gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248 F. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Origo Exploration Norway AS (20 prosent) og Petoro AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/11. Brønnen blir bora om lag 100 kilometer sørvest for Florø og og om lag 20 kilometer nordvest for Fram-feltet.
Utvinningsløyve 248 F blei skilt ut ifra utvinningsløyve 248 10. desember 2015.
Utvinningsløyve 248 blei tildelt 4. juni 1999 (Nordsjøtildelingene 1999). Dette er den tredje brønnen som bli bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 09.08.2016