Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

36/7-4

07.06.2016 Oljedirektoratet har gitt ENGIE E&P Norge AS boreløyve for brønn 36/7-4, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 36/7-4 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°24’59,72’’ nord 04°04’08,06’’ aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 31/7-1 A for Faroe Petroleum Norge AS i utvinningsløyve 740.

Boreprogrammet for brønn 36/7-4 gjeld boring av ei undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 636. ENGIE E&P Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS (30 prosent), Wellesley Petroleum AS (20 prosent) og Tullow Oil Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 36/7. Brønnen blir bora om lag 55 kilometer sørvest for Florø og om lag 10 kilometer nordvest for Gjøa-feltet.

Utviningsløyve 636 vart tildelt 3. februar 2012 (TFO2011). Dette er den første brønnen som blir bora innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

36/7-4

Oppdatert: 07.06.2016