Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6407/7-9 S

26.07.2016 Oljedirektoratet har gitt Statoil petroleum ASA boreløyve for brønn 6407/7-9 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Songa Delta i posisjon 64°18’59,30’’ nord og 07°09’24,30’’ aust.

Boreprogrammet for brønn 6407/7-9 S  gjeld boring av ein leitebrønn i utvinningsløyve PL 107 C. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 20 prosent. Dei andre rettshavarane er Engie E&P Norge (40 prosent), DEA Norge AS (30 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (7,5 prosent) og VNG Norge AS (2,5 prosent). Arealet i dette løyvet består av 20,97 kvadratkilometer av blokk 6407/7.  Brønnen blir bora om lag fem kilometer nord for Njord-feltet.

Utvinningsløyve 107 C blei delt ut den 23. januar 2009 i TFO 2008. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Boreløyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

6407/7-9 S

Oppdatert: 26.07.2016