Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6608/10-17 S

23.11.2016 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6608/10-17 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6608/10-17 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 66°4' 16,19" nord og 08°3' 36,03" aust.

Boreprogrammet for brønn 6608/10-17 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 128. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 63,95 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 24,54 prosent og Eni Norge AS med 11,50 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 6608/10 og 6608/11. Brønnen blir bora om lag fem kilometer nord for Norne-feltet.

Utvinningsløyve 128 blei tildelt 28. februar 1986 i konsesjonsrunde 10-B på norsk sokkel.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

6608/10-17 S

Oppdatert: 23.11.2016