Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7120/1-5

16.12.2016 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7120/1-5, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7120/1-5 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 71°56' 15,97" nord og 20°14' 57,37" aust.

Boreprogrammet for brønn 7120/1-5 gjeld boring av ein avgrensningsbrønn i utvinningsløyve 492. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Den andre rettshavaren er Aker BP ASA med 60 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7120/1 og 7120/2.

Brønnen blir bora om lag 4 kilometer nord for funnbrønnen 7120/1-3 i utvinningsløyve 492

Utvinningsløyve 492 blei delt ut 29. februar 2008 i TFO 2007.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7120/1-5

Oppdatert: 19.12.2016