Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7219/12-1

20.09.2016 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7219/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7219/12-1 skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72°12' 44,2" nord og 19°46' 38,3" aust.

Boreprogrammet for brønn 7219/12-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 533. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er Det norske oljeselskap ASA med 35 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/12 og 7220/10. Brønnen blir bora om lag 24 kilometer sør for funnbrønnen 7220/10-1 i utvinningsløyve 533.

Utvinningsløyve 533 vart tildelt 15. mai 2009 i 20. konsesjonsrunde på norsk sokkel.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7219/12-1

Oppdatert: 20.09.2016