Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/11-3 AR

09.06.2016 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/11-3 AR, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/11-3 AR skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72°01'12,62" nord og 20°31'41,23" aust i utvinningsløyve 609.

Boreprogrammet for brønn 7220/11-3 AR gjeld fordjuping av avgrensingbrønn 7220/11-3 A som blei midlertidig plugga og forlatt i 2015 i utvinningsløyve 609.

Lundin Norway AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Brønnen blir bora om lag fire kilometer sør for funnbrønnen 7220/11-1.

Utvinningsløyve 609 vart tildelt 13. mai 2011 i 21. konsesjonsrunde på norsk sokkel.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7220/11-3 AR

Oppdatert: 09.06.2016