Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7220/6-2 R

26.07.2016 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7220/6-2 R, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7220/6-2 R skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72° 34' 13,1" nord og 20° 58' 19,66" aust.

Boreprogrammet for brønn 7220/6-2 R gjeld ei forlenging av tidlegare undersøkingsbrønn 7220/6-2, bora i 2015 i utvinningsløyve 609. Lundin Norway AS er operatør med 40 prosent del, og rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS med 30 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent.

Utvinningsløyvet består av blokkene/del av blokkene 7220/6, 7220/9, 7220/11, 7220/12 og 7221/4. Utvinningsløyve blei tildelt i 21. konsesjonsrunde i 2011.

Undersøkingsbrønn 7220/6-2 R blir ei fortsetjing av den sjette leitebrønnen i utvinningsløyve 609.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

7220/6-2 R

Oppdatert: 27.07.2016