Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7318/12-1

22.12.2016 Oljedirektoratet har gitt Eni Norge AS boreløyve for brønn 7318/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7318/12-1 skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 73°7' 46,84" nord og 18°43'4,17" aust.

Boreprogrammet for brønn 7318/12-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 716. Eni Norge AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Bayerngas Norge AS (20 prosent), Faroe Petroleum Norge AS (20 prosent), Petoro AS (20 prosent) og Point Resources AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 7318/11 og 7318/12. Brønnen blir bora om lag 80 kilometer nordvest for Johan Castberg og 320 kilometer fra fastlandet.

Utvinningsløyve 716 vart delt ut 21.6.2013 i 22. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7318/12-1

Oppdatert: 26.01.2017