Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

16/1-26 S

10.03.2016 Oljedirektoratet har gitt Det norske oljeselskap ASA boreløyve for brønn 16/1-26 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 16/1-26 S skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 58°55’20,15’’ nord 02°11’53,03’’ aust i utvinningsløyve 001 B.

Boreprogrammet for brønnen 16/1-26 S gjeld boring av avgrensingsbrønn på oljefunnet 16/1-7 som inngår i Ivar Aasen-feltet, der Det norske er operatør med 34,7862 prosent del. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS med 41,4730 prosent, Bayerngas Norge AS med 12,3173 prosent, Wintershall Norge AS med 6,4615 prosent, VNG Norge AS med 3,0230 prosent, Lundin Norway AS med 1,3850 prosent og OMV (Norge) AS med 0,5540 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 16/1. Brønnen blir bora i den austlege delen av funnet 16/1-7 i den midtre del av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 001 B ble skilt ut frå utvinningsløyve 001 1. september 1999. Utvinningsløyve 001 blei tildelt 1. september 1965 (Runde 1-A). Dette er den ellevte leitebrønnen som blir bora innafor løyvet sitt areal, og den femtande på Ivar Aasen-feltet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.


Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

Kart - Last ned pdf

Oppdatert: 19.05.2016