25/2-19 A
21.08.2017 Oljedirektoratet har gitt AkerBP ASA boreløyve for brønnbane 25/2-19 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 25/2-19 A skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 59°52'28,37" nord og 02°37'45,61" aust.
Boreprogrammet for brønn 25/2-19 A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 442.
AkerBP ASA er operatør med ein del på 90,26 prosent. Den andre rettshavaren er Lotos Exploration and Production Norge AS (9,74 prosent). Arealet i dette løyvet består av del av blokk 25/2 og del av blokk 25/3.
Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nord for Frøy-feltet i Nordsjøen og om lag 140 km frå kysten.
Utvinningsløyve 442 vart delt ut 15. juni 2007 i TFO 2006 på norsk sokkel. Dette er den sjuande brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52
Oppdatert: 21.08.2017