Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/4-11

27.07.2017 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 25/4-11, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 25/4-11 skal borast frå boreinnretninga Maerst Interceptor i posisjon 59°44'58,92" nord og 2°9'18,66" aust.

Boreprogrammet for brønn 25/4-11 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 677 der Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Fortis Petroleum Norway AS (30 prosent) og MOL Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av sørlig del av blokk 25/1 og nordlig del av blokk 25/4. Brønnen blir bora om lag 6 kilometer sørvest for funnet 25/1-11R (Storklakken).

Utvinningsløyve 677 vart delt ut i TFO 2012. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 25/4-11

Oppdatert: 21.08.2017