31/7-2 A
03.07.2017 Oljedirektoratet har gitt Faroe Petroleum Norge AS boreløyve for brønn 31/7-2 A jf. Ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 31/7-2 A skal borast fra boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 60°24'18,14" nord og 3°2'23,75" aust i utvinningsløyve 740.
Boreprogrammet gjeld boring av ein avgrensingsbrønn. Faroe Petroleum Norge AS er operatør med ein del på 50 prosent og Point Resources AS er rettshavar med 50 prosent.
Arealet i dette løyvet utgjer ein del av blokk 31/7 og 30/9. Utvinningsløyve 740 blei delt ut i TFO 2013, 7. februar 2014. Dette er den fjerde brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 60 27
Oppdatert: 03.07.2017