6507/3-12
18.01.2017 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6507/3-12, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6507/3-12 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 65° 58' 3,93" nord og 7° 56' 1,64" aust.
Boreprogrammet for brønn 6507/3-12 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 159 B. Statoil Petroleum AS er operatør med ein del på 85 prosent. Den andre rettshavaren er Dong E&P Norge AS med 15 prosent. Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6507/3. Brønnen blir bora om lag 11 kilometer sørvest for Norne-feltet.
Utvinningsløyve 159 vart tildelt i konsesjonsrunde 12 del B på norsk sokkel og utvinningsløyve 159 B vart frådelt 13.08.2004.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre styresmakter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52
Oppdatert: 26.01.2017