Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6507/8-9 og 6507/8-U2

18.07.2017 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 6507/8-9 og 6507/8-U2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6507/8-9 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 65°24' 01.04" nord og 7°26' 21.71" aust og brønnbane 6507/8-U2 i posisjon 65°24' 0.56" nord og 7°26' 20.58" aust etter at avgrensingsbrønn 31/7-2 SA i utvinningsløyve 740 er ferdi bora for Faroe Petroleum Noreg AS.

Boreprogrammet for brønn 6507/8-9 og 6507/9-U2 gjeld boring av hhv. undersøkingsbrønn og pilotbrønn i utvinningsløyve 124. Statoil Petroleum AS er operatør med ein eigardel på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er ConocoPhillips (27,9 prosent), Petoro (27,1 prosent) og Eni Norge AS (10 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6507/8. Brønnane blir bora om lag ni kilometer nord for Heidrun-plattformen.

Utvinningsløyve 124 blei tildelt 28. februar 1986 i 10-B konsesjonsrunde. 6507/8-9 blir den åttande leitebrønnen bora i dette løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykkja som blir kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

Oppdatert: 18.07.2017