Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6604/5-1

23.11.2017 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 6604/5-1, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 6604/5-1 skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 66°35' 37,43" nord og 04°32' 56,54" aust.

Boreprogrammet for brønn 6604/5-1 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 894. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Statoil Petroleum AS (40 prosent) og Petoro AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6604/5. Brønnen blir bora om lag 120 kilometer sørvest for Aasta Hansteen-feltet.

Utvinningsløyve 894 vart tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

6604/5-1

Oppdatert: 23.11.2017