Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7219/12-1 A

19.01.2017 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7219/12-1 A, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7219/12-1 A skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72°12' 44,2" nord og 19°46' 38,3" aust.

Boreprogrammet for brønn 7219/12-1 A gjeld boring av ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 533. Lundin Norway AS er operatør med ein eigardel på 35 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA med 35 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/12 og 7220/10. Brønnen blir bora om lag 24 kilometer nord for funnbrønnen 7220/10-1 i utvinningsløyve 533

Utvinningsløyve 533 blei delt ut 15.05.2009 i 20. konsesjonsrunde.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som blir kravde av andre styresmakter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52

7219/12-1 A

Oppdatert: 26.01.2017