7219/12-2 S
07.07.2017 Oljedirektoratet har gitt Lundin Norway AS boreløyve for brønn 7219/12-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 7219/12-2 S skal borast frå boreinnretninga Leiv Eiriksson i posisjon 72°5' 12,63" nord og 19°59' 10,08" aust.
Boreprogrammet for brønn 7219/12-2 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 533. Lundin Norway AS er operatør med ein del på 35 prosent og rettshavarane er Aker BP AS med 35 prosent og DEA Norge AS med 30 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/12 og 7220/10. Brønnen blir bora om lag 20 kilometer vest for funnbrønnen 7220/11-1 (Alta) i utvinningsløyve 609
Utvinningsløyve 533 vart delt ut i 20. konsesjonsrunde i 2009.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf 51 87 64 52
Oppdatert: 10.07.2017