Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7219/9-2

07.06.2017 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 7219/9-2, jf. ressursforskrifta paragraf 8.

Brønn 7219/9-2 skal borast frå boreinnretninga Songa Enabler i posisjon 72°19' 43,74" nord og 19°54' 39,95" aust.

Boreprogrammet for brønn 7219/9-2 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 532. Statoil er operatør med ein del på 50 prosent og rettshavarane er Eni Norge AS med 30 prosent og Petoro AS med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av blokkene 7219/9, 7220/4, 7220/5, 7220/7 og 7220/8. Brønnen blir bora om lag 23 kilometer sørvest for funnbrønnen 7220/8-1 i utvinningsløyve 532

Utvinningsløyve 532 blei tildelt i 20. konsesjonsrunde i 2009.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

7219/9-2

Oppdatert: 07.06.2017