16/1-29 S
07.02.2018 Oljedirektoratet har gitt Statoil Petroleum AS boreløyve for brønn 16/1-29 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 16/1-29 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 58°58’ 22,23’’ nord og 02°17’ 44,15” aust.
Boreprogrammet for brønn 16/1-29 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 167. Statoil Petroleum AS er operatør med ein andel på 80 prosent, medan Lundin Norway AS er rettshavar med en andel på 20 prosent. Utvinningsløyve 167 blei tildelt i 1.3.1991 (13.Runde).
Arealet i dette utvinningsløyvet ligg i midtre del av Nordsjøen, og består av den austlege delen av blokk 16/1. Brønnen blir bora like nordaust for Ivar Aasen-feltet. Dette er den sjette leitebrønnen som blir bora i utvinningsløyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 07.02.2018