2/11-12 A
21.12.2018 Oljedirektoratet har gitt AkerBP ASA boreløyve for brønn 2/11-12 A jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 2/11-12 A skal borast frå boreinnretninga Maersk Interceptor i posisjon 56°10'10,93"N og 03°26'12,54"Ø
Boreprogrammet for brønn 2/11-12 A gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 33. AkerBP ASA er operatør med ein del på 90 prosent. Den andre rettshavaren er Pandion Energy AS med 10 prosent. Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 2/11 som grensar mot dansk sokkel. Brønnen blir bora om lag 12 kilometer sør for Valhallfeltet.
Utvinningsløyve 33 vart delt ut i 1969 i konsesjonsrunde 2-A på norsk sokkel. Dette er den tolvte brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51876452
Oppdatert: 02.01.2019