2/6-6 S
24.08.2018 Oljedirektoratet har gitt Mol Norge AS boreløyve for brønn 2/6-6 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 2/6-6 S skal borast frå boreinnretninga Rowan Viking i posisjon 56°30'40,73"N og 3°54'49,22"Ø.
Boreprogrammet for brønn 2/6-6 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 860. Mol Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS med 40 prosent og Petoro AS med 20 prosent.
Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 2/6 og 9 og del av blokk 3/4. Brønnen blir bora om lag 40 kilometer nordaust for Valhall-feltet.
Utvinningsløyve 860 blei tildelt 10. februar 2017 i TFO 2016. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf: 51876452
Oppdatert: 24.08.2018