Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B

18.07.2018 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønnane 35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnane 35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 61°08'55,52" nord og 03°17'05,11" aust.

Boreprogrammet for brønnane 35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B gjeld boring av to undersøkingsbrønnar og ein avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 630. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 60 prosent, og rettshavar Wellesley Petroleum AS har ein del på 40 prosent.

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 35/1 og ein del av blokk 35/10. Brønnane blir bora om lag sju kilometer sørvest for Vega Sør feltet.

Utvinningsløyve 630 blei tildelt ut 3. februar 2012 i TFO 2011 på norsk sokkel. Brønnane 35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B er dei tre fyrste leitebrønnane som vert bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51 87 64 52

 

35/10-4 S, 35/10-4 A og 35/10-4 B

Oppdatert: 18.07.2018