35/11-22 S
05.12.2018 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 35/11-22 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 35/11-22 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 61°5'2,27"N og 3°20'56,92"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6407/11-1 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 751.
Boreprogrammet for brønn 35/11-22 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 248 C. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 30 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro (40 prosent) og Wellesley Petroleum AS (30 prosent).
Arealet i dette løyvet består av sørvestleg del av blokk 35/11. Brønnen blir bora om lag 9 kilometer vest for Fram-feltet og om lag 100 kilometer vest-nordvest for Mongstad.
Utvinningsløyve 248 C blei skilt ut frå utvinningsløyve 248 9. april 2013. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51876452
Oppdatert: 05.12.2018