Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

35/4-2

12.12.2018 Oljedirektoratet har gitt Wellesley Petroleum AS boreløyve for brønn 35/4-2, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 35/4-2 skal borast frå boreinnretninga Transocean Arctic i posisjon 61°36'02,54" nord og 03°12'19,21" aust.

Boreprogrammet for brønn 35/4-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 931.

Wellesley Petroleum AS er operatør med ein del på 60 prosent. Den andre rettshavaren er DNO Norge AS (40 prosent). Arealet i dette løyvet består av søraustleg del av blokk 34/6, nordaustleg del av blokk 34/9, sørvestleg del av blokk 35/4 og nordvestleg del av blokk 35/7. Brønnen blir bora om lag 30 kilometer sør for Peon-funnet.

Utvinningsløyve 931 blei tildelt 2. mars 2018 (TFO 2017 på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51876452

 

35-4-2

Oppdatert: 12.12.2018