Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6304/3-1

19.06.2018 Oljedirektoratet har gitt A/S Norske Shell boreløyve for brønn 6304/3-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6304/3-1 skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 63°48'5,90"nord og 4°52'18,41"aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 34/5-2 S for A/S Norske Shell i utvinningsløyve373 S.

Boreprogrammet for brønn 6304/3-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 832. A/S Norske Shell er operatør med ein del på 45 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (20 prosent), Spirit Energy Norge AS (20 prosent) og DEA Norge AS (15 prosent). Arealet i dette løyvet består av sørleg del av blokkene 6404/12 og 6406/10, heile blokk 6304/3 og nordleg del av blokk 6305/1. Brønnen blir bora om lag 40 kilometer nordvest for Ormen Lange-feltet.

Utvinningsløyve 832 blei tildelt 5. februar 2016 i TFO 2015 på norsk sokkel. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, 51876452

6304/3-1

Oppdatert: 19.06.2018