Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6406/2-9 S

24.08.2018 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6406/2-9 S jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6406/2-9 S skal borast frå boreinnretninga West Phoenix i posisjon 640 48`18.22 N og 060  26` 51.08 Ø.

Boreprogrammet for brønn 6406/2-9 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 199. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 52 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (27 prosent), ExxonMobil E&P Norway AS (15 prosent) og Total E&P Norge AS (6 prosent).

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 6406/2. Brønnen blir bora om lag sju kilometer sør for Kristinfeltet.

Utvinningsløyve 199 blei tildelt 10. september 1993 i 14 konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den 15. leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf: 51876452

6406/2-9 S

Oppdatert: 27.08.2018