6406/6-5 S
27.07.2018 Oljedirektoratet har gitt Total E&P Norge AS boreløyve for brønn 6406/6-5 S, jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6406/6-5 S skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 64°35'47,28"N og 06°51'15,27"Ø.
Boreprogrammet for brønn 6406/6-5 S gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 255 B. Total er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Equinor Energy AS (30 prosent) og Petoro AS (30 prosent). Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6406/5 og ein del av blokk 6406/6.
Brønnen blir bora om lag 12 kilometer nord for gassfunnet Linnorm og 270 kilometer sørvest for Brønnøysund, og skal der teste juraprospektet Jasper.
Utvinningsløyve 255 B blei tildelt 19. mai 2016. Dette er den fyrste brønnen som vert bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka som vert kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 27.07.2018