6407/11-1
10.09.2018 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 6407/11-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 6407/11-1 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Bergen i posisjon 64°12'22,8"N og 7°29'33,25"A.
Boreprogrammet for brønn 6407/11-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 751 der Equinor Energy AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Petoro AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av størstedelen av blokk 6407/11. Brønnen blir bora om lag 17 kilometer søraust for Njord-feltet.
Utvinningsløyve 751 blei tildelt 7. februar 2014 i TFO2013. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, Tlf. 51 87 64 52
Oppdatert: 10.09.2018