Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

6706/6-2 S

17.10.2018 Oljedirektoratet har gitt Wintershall Norge AS boreløyve for brønn 6706/6-2 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6706/6-2 S skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 67°37'20,60"N og 6°45'57,57"A.

Boreprogrammet for brønn 6706/6-2 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 847. Wintershall Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Repsol Norge AS (20 prosent), OMV Norge AS (20 prosent) og Equinor Energy AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 6706/5 og ein del av blokk 6706/6. Brønnen blir bora om lag 7 kilometer nordvest for funnet 6706/6-1 (Hvitveis).

Utvinningsløyve 847 blei tildelt 5. februar 2016 i TFO 2015. Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf: 51876452

6706/6-2 S

Oppdatert: 17.10.2018