7122/7-7 S
22.11.2018 Oljedirektoratet har gitt Eni Norge AS boreløyve for brønn 7122/7-7 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.
Brønn 7122/7-7 S skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 71°17'33,53" nord og 22°15'14,46" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7324/3-4 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 615.
Boreprogrammet for brønn 7122/7-7 S gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 229. Eni Norge AS er operatør med ein del på 65 prosent. Den andre rettshavaren er Equinor Energy AS (35 prosent). Arealet i dette løyvet består av deler av blokkene 7122/7, 8, 9 og 10. Brønnen blir bora om lag 2,4 km kilometer vest for funnbrønnen 7122/7-1 på Goliat-feltet.
Utvinningsløyve 229 vart delt ut i Barentshavprosjektet -97. Dette er den åttande leitebrønnen som blir bora i løyvet.
Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.
Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, Tlf 51876452
Oppdatert: 22.11.2018