Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7132/2-2

19.12.2018 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 7132/2-2, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7132/2-2 skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 71°50'28,37"N og 32°23'17,92"A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7132/2-1 for Equinor Energy AS, også i utvinningsløyve 857.

Boreprogrammet for brønn 7132/2-2 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 857. Equinor Energy AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (20 prosent), Lundin Norway AS (20 prosent) og Petoro (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene 7232/10, 7132/1,2,6 og 7133/4 og sørleg del av blokkene 7132/3 og 7133/1. Brønnen blir bora om lag 175 kilometer nord for Vardø.

Utvinningsløyve 857 blei tildelt 10. juni 2016 i 23. konsesjonsrunde på norsk sokkel. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51876452

7132/2-2

Oppdatert: 19.12.2018