Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7221/12-1

20.04.2018 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 7221/12-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7221/12-1 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 72o 8' 18,68" nord og 21o55' 50,32" aust.

Boreprogrammet for brønn 7221/12-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 659.

Aker BP ASA er operatør med ein del på 50 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS (30 prosent) og Lundin Norway AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av blokkene/del av blokkene 7121/3, 7122/1, 7122/2, 7221/12, 7222/10, 7222/11 og 7222/12.

Brønnen blir bora om lag 20 kilometer nordvest for funnbrønnen 7222/11-2 (Langlitinden).

Utvinningsløyve 659 blei tildelt 3. februar 2012 i TFO2011 på norsk sokkel.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:

Per Henning Sæle, tlf. 51 87 64 52

 

7221/12-1

Oppdatert: 20.04.2018