Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

7321/4-1

23.08.2018 Oljedirektoratet har gitt DEA Norge AS boreløyve for brønn 7321/4-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 7321/4-1 skal borast frå boreinnretninga Island Innovator i posisjon 73°44'07,76" nord og 21°08'21,94" aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 7322/7-1 for Spirit Energy Norge AS i utvinningsløyve 852.

Boreprogrammet for brønn 7321/4-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 721. DEA Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Aker BP ASA (40 prosent) og Wintershall Norge AS (20 prosent). Arealet i dette løyvet består av hele blokk 7321/4. Brønnen blir bora om lag 140 kilometer nord for Johan Castberg-funnet og 350 km nordvest for Hammerfest.

Utvinningsløyve 721 vart delt ut 21.06.2013 (22. konsesjonsrunde på norsk sokkel). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontaktperson i OD:
Per Henning Sæle, tlf: 51876452

 

7321/4-1

Oppdatert: 23.08.2018