Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

24/9-14 A

07.02.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 24/9-14 A, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Scarabeo 8 i posisjon 59°21'51,91" nord og 1°46'52,29" aust etter avslutta boring av undersøkingsbrønn 24/9-14 S i den midtre delen av Nordsjøen.

Boreprogrammet for brønn 24/9-14 A gjeld boring av avgrensingsbrønn i utvinningsløyve 869, der Aker BP ASA er operatør med ein del på 60 prosent. Dei andre rettshavarane er Lundin Norway AS (20 prosent) og Point Resources AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av delar av blokkene 24/9, 24/12 og 25/7. Brønnen blir bora om lag fire kilometer nordvest for Bøyla-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 869 blei tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den tredje leitebrønnen som blir bora i sjølve løyvet, men det er tidlegare bora fleire undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452

Oppdatert: 19.03.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452