Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

25/6-6 S

21.02.2019 Oljedirektoratet har gitt Equinor Energy AS boreløyve for brønn 25/6-6 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønnen skal borast frå boreinnretninga Transocean Spitsbergen i posisjon 59°30'35,21"N og 02°54'50,74"A etter at boring av undersøkingsbrønn 36/1-3 i den nordlege delen av Nordsjøen er avslutta.

Boreprogrammet for brønn 25/6-6 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 870, der Equinor Energy AS er operatør med ein del på 80 prosent. Den andre rettshavaren er Faroe Petroleum Norge AS (20 prosent).

Arealet i dette løyvet består av ein del av blokk 25/6, 25/9 og 26/7. Brønnen blir bora om lag 18 kilometer søraust for Skirne-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 870 blei tildelt 10. februar 2017 (TFO 2016). Dette er den fyrste leitebrønnen som blir bora i det noverande løyvet, men det er tidlegare bora to undersøkingsbrønnar innanfor løyvet sitt areal.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

25/6-6 S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 19.03.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52