Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 3/7-11 S i utvinningsløyve 539

26.03.2019 Oljedirektoratet har gitt MOL Norge AS boreløyve for brønn 3/7-11 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 3/7-11 S skal borast frå boreinnretninga Rowan Viking i posisjon 56°21'48,17"N og 04°08'44,60"A.

Boreprogrammet for brønn 3/7-11 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 539. MOL Norge AS er operatør med ein del på 80 prosent.

Den  andre rettshavar er Lundin Norway AS med 20 prosent. Arealet i dette løyvet består av deler  av blokk 3/7 og grensar mot dansk sokkel. Brønnen blir bora om lag 45 kilometer nordaust  for Valhallfeltet.

Utvinningsløyve 539 vart delt ut 19.02.2010 i TFO 2009. Dette er den andre brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

3/7-11 S

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452

Oppdatert: 26.03.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452