Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 15/6-15 i utvinningsløyve 814

08.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 15/6-15 jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 15/6-15 skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 58°40'35,74"N og 01°52'22,19"A.

Boreprogrammet for brønn 15/6-15 gjeld boring av ein undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 814. Aker BP er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er MOL Norge AS med 30 prosent og OMV (Norge) AS med 30 prosent.

Arealet i dette løyvet består av delar av blokk 15/6. Brønnen blir bora om lag 15 kilometer nordaust for Gina Krog-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 814 blei tildelt 5. februar 2016 (TFO 2015). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kart, boreløyve for brønn 15/6-15

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452

Oppdatert: 08.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452