Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Boreløyve for brønn 15/6-16 S i utvinningsløyve 777

08.05.2019 Oljedirektoratet har gitt Aker BP ASA boreløyve for brønn 15/6-16 S, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 15/6-16 S skal borast frå boreinnretninga Deepsea Stavanger i posisjon 58°40'14,52"N og 01°43'02,21"A.

Boreprogrammet for brønn 15/6-16 S gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 777. Aker BP ASA er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS med 20 prosent, OMV (Norge) AS med 20 prosent og Vår energi med 20 prosent.

Arealet i dette løyvet består av del av blokk 15/2, 15/3, 15/5 og 15/6. Brønnen blir bora om lag ti kilometer nord for Gina Krog-feltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Utvinningsløyve 777 blei tildelt 6. februar 2015 (TFO 2014). Dette er den første brønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka krevd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

 

Kart, boreløyve for brønn 15/6-16 S

 

 

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452

Oppdatert: 08.05.2019

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51876452